Publisert 15.okt 2020

Prosjekt med fokus på smart og berekraftig utvikling der partnarane deltar, er Framtidslaben si kjerne og drivkraft. Det er ofte behov for finansiell støtte når ein skal i gong med eit prosjekt.

Framtidslaben har eit tett samarbeid med Innovasjon Norge og Forskningsrådet. På møtet 13. oktober var rådgivarar frå begge organisasjonane på plass for å fortelje om arbeidet sitt, kva dei legg vekt på i ein søknad og korleis det er mogleg å søke om støtte på ein enkel måte.

Møtet begynte med at dagleg leiar for Framtidslaben, Marielle Furnes Mannseth fortalde om korleis Framtidslaben kan støtte opp om prosjekt knytt til laben før seniorrådgivar i Innovasjon Norge Ingrid Severine Rønstad fortalde om deira rolle og kva som trengs for ein søknad (begynner ca. 9 minutt ut i opptaket).

Ein god samarbeidspartnar for Innovasjon Norge, er Forskningsrådet. På møtet kom også regionansvarleg for Møre og Romsdal, Arthur Almestad med gode råd om kva det er lurt å tenke på før ein søknad.(Ca. 40 minutt ut i opptaket).

Både Innovasjon Norge og Forskningsrådet oppfordra partnarar til å ta kontakt og be om hjelp og understreka at ein søknad slett ikkje treng vere tidkrevjande og vanskeleg.

Her er opptak av møtet: