Publisert 21.jan 2021

Korleis skal norske kommunar sørge for berekraftig utvikling i praksis? Det er eit spørsmål mange stiller seg. I 2019 ga regjeringa kommunane i oppdrag å legge FNs berekraftsmål til grunn når vi skal løyse vår tids største utfordringar.

Ålesund og Bærum kommunar har målt kor berekraftige dei er gjennom ein analyse gjennomført av FN-organisasjonen United for Smart Sustainable Cities (U4SSC). Sjølv om resultata og utfordringane ser ulike ut i dei to kommunane, har begge trukke den same konklusjonen:

Det er ikkje mogleg å nå berekraftsmåla utan eit tett samarbeid mellom offentleg og privat sektor og innbyggarane. Berekraftig utvikling blir skapt gjennom samarbeid mellom fleire. Dette samarbeidet bør vere forankra i data som er basert på fakta og ikkje kjensler - det som blir kalt datadriven utvikling.

Difor har Bærum og Ålesund kommunar søkt om pengar til prosjektet  «Datadrevet samskaping – metoder og verktøy for bærekraftig innovasjon og samfunnsutvikling». Med på laget er NTNU og Offshore Simulation Center (OSC). Prosjektet har fått tildelt 6,9 millioner frå Forskningsrådet, gjennom støtteordninga til innovasjonsprosjekt i offentleg sektor. 

– Prosjektet skal gjere synleg behovet for lokalt samarbeid om berekraftsutfordingar, og finne gode verktøy og modellar for styring og avgjerder i eit slikt samarbeid, seier kommunaldirektør for organisasjon, styring og utvikling i Bærum kommune Bente Rudrud Herdlevær.

Prosjektet går i korte trekk ut på å se fakta på ein ny måte for å gjere det lettare å treffe gode avgjerder og forstå konsekvensane av dei avgjerdene som blir tatt. Prosjektet er knytt til Offshore Simulator Center i Ålesund som gjennom dotterselskapet AugmentCity, har utvikla eit verktøy som viser digitale tvillingar av byar. Dette verktøyet kan samle, visualisere og simulere data og datasamanhengar. Det er derfor eit godt utgangspunkt for å skjønne nye samanhengar og moglegheiter for aktørar knytt til berekraftsarbeidet i dei to kommunane. Målet er å utvikle eit analyseverktøy gjennom å bruke digital tvilling. Verktøyet gjør det lettare å lese data, sette dei saman på nye måtar og se forskjellige løysingar som kan prøvast ut digitalt for å sjå korleis kommunane best mogleg kan bidra til å oppnå FNs berekraftsmål.

Satsar på energistyring og sirkulær utvikling 

Prosjektet vil konsentrere seg spesielt om to utvalde tema: energistyring og sirkulær by. Det er fokus på berekraftsmåla rein energi til alle, berekraftige byar og samfunn, ansvarleg produksjon og forbruk, stopp klimaendringane og samarbeid for å nå måla. 

– Samfunnet bruker mange ressursar innan områda sirkulære byar og energi i dag. Det er store gevinstar å hente for alle partar ved betre energistyring i byar og kommunar, og å utvikle meir sirkulære samfunn der vi utnyttar ressursane våre enda betre, seier assisterande kommunaldirektør i Ålesund kommune, Bente Glomset Vikhagen. 

Treng kunnskap 

Prosjektet skal også på ulike måtar bidra til at NTNU bygger vitskapleg kunnskap som kan styrke nødvendig kompetanse i forskningsmiljøa i møte med berekraftsutfordringar, til dømes i samband med politiske og faglege berekraftsprosessar. 

– Eit stort tal prosjekt er initiert nasjonalt og internasjonalt for å sikre meir berekraftig utvikling. Likevel ser vi at kunnskapsbehovet på området framleis er enormt, ikkje minst på grunn av kompleksiteten og dynamikken mellom årsakar og verknad på tvers av ulike sektorar. Det er behov for forskning fordi KPI-undersøkingane avslører at det er eit gap mellom den kunnskapen undersøkingane gir og den moglegheiten kommunane har til å bruke den til å oppfylle berekraftsmåla, seier Bente Rudrud Herdlevær. 

Undervegs vil prosjektet  ha god dialog med det nasjonale bærekraftnettverket som er etablert, FN-senteret i Trondheim og United Future Lab Norway (Framtidslaben) i Ålesund. Prosjektet har oppstart i september 2021 og skal etter planen vare til 2024.