Publisert 19.jan 2022

- United Cities og R8me starta arbeidet med å utvikle ein metode for berekraftmåling av verksemder i Framtidslaben sommaren 2021. Metoden er i hovudsak retta mot små og mellomstore bedrifter fordi det er desse som utgjer volumet av verksemder, både i tal og verdiskaping, seier dagleg leiar i R8me, Ingvild Nistad.

Metoden bygger på berekraftsanalyser og verktøy frå United Cities som blir brukt av byar og regionar globalt, og organisasjonens arbeid med verksemder. Berekraftsanalysen for byar og regionar består av data frå 92 samfunnsområde samla inn i den enkelte region eller by og viser alt frå vassbehandling til transport og kultur. Den felles målemetoden gir ei oversikt over kor smart og berekraftig ein stad er innanfor kvart tema, og eit godt grunnlag for samanlikning og samarbeid for å nå FNs berekraftsmål.

R8me sitt verktøy for berekraftsmåling av verksemder skal vere felles for alle verksemder som gjennomfører den, seier Nistad:

-Denne metoden skal vere gyldig over landegrensene og vil også vere til hjelp når bedriftene må dokumentere ansvarleg og bærekraftig verksemdsstyring for å få kapital og kontraktar.

R8me AS vil levere løysingar for berekraftsmåling til United Cities som så vil invitere verksemder til å delta i pilotprosjekt.

Selskapet R8me AS  eigast av  Møre og Romsdal fylkeskommune, KLP og ein lokal investor. No blir dei altså partnar i Framtidslaben.

- R8me AS ønsker å inngå i det faglege miljøet og dei aktivitetane som Framtidslaben har for utviklinga av eit berekraftig samfunn, seier dagleg leiar Ingvild Nistad.
- R8me kan tilføre kunnskap til partnarskapen omkring ein enkel og konkret metode for måling av berekraft i små og mellomstore verksemder.

Dagleg leiar i Framtidslaben, Kristine Oda Walderhaug Sæther seier R8me vil bli eit godt tilskot til partnarskapen i laben:

- R8me sin målemetode for næringslivet går rett inn i kjerna av det Framtidslaben driv med og som er grunnen til at laben blei oppretta. Mykje av arbeidet vårt konsentrerer seg om utviklingsmoglegheiter rundt KPI-analysane frå FN, som fram til no har analysert samfunnet som eit heile. R8me sitt arbeid og partnarskap vil gje Framtidslaben enno meir tyngde inn mot næringslivet og bidra til ei spissing av bedriftene sine moglegheiter for ei smart og framtidsretta utvikling. For at vi skal vite kvar vi skal, så må vi vite kvar vi er.

- Vi gler oss til å sjå resultata av arbeidet og samarbeidet for å bli ein føregangsregion for eit berekraftig næringsliv, avsluttar Walderhaug Sæther.