Publisert 09.nov 2020

Konferansen er digital og blir arrangert i samband med at regjeringa skal lage ein nasjonal handlingsplan for berekraftsarbeid. Den er open for alle!

Målet med konferansen er å mobilisere heile landet til ein felles innsats for å nå berekraftsmåla innan 2030. Konferansen skal sjå på moglegheiter og utfordringar knytt til berekraftsarbeidet i Noreg, og vise samanhengen mellom Noregs engasjemetn nasjonalt og internasjonalt.

Berekraftsarbeidet er noko som berører og engasjerer oss alle. Korleis får vi ei felles kraft i arbeidet og korleis kan vi saman jobbe med berekraftig omstilling? Det blir belyst og diskutert under konferansen.

Statsminister Erna Solberg deltar på konferansen. Det gjør også berekraftsminister Nikolai Astrup og utviklingsminister Dag-Inge Ulstein, representantar frå kommune- og fylkessektoren, næringslivet, arbeidslivsorganisasjonar, sivilt samfunn og forskningsinstitusjonar.

Regjeringa håper på ein brei diskusjon og deltaking frå alle samfunnssektorar - også folk felst.

Velkomen til den nasjonale berekraftskonferansen!

Sjå program og meld deg på her.