Publisert 23.mar 2022

- Vi ynskjer å utvikle prosjekt i tråd med våre berekraftsløfter og være ein kontinuerlig lærande og utviklande organisasjon, forklarar dagleg leiar Mette Abelseth Pütz. Selberg arkitektar arbeider med ulike byggeprosjekt og ynskjer gjennom sine prosjekt å bygge og utvikle byar med så lite fotavtrykk som mogleg. Det gjer dei mellom anna ved å redusere arealforbruk og legge til rette for sambruk i utbyggingsareal.

 Daglig leiar i Framtidslaben Kristine Oda Walderhaug Sæther seier Selberg Arkitekter vil være eit nyttig tilskot til partnarskapen i laben.

-Vi ser at det er nødvendig å gjere store grep i korleis vi planlegger og bygger byane og samfunna våre. Her har arkitektane eit viktig ansvar, og vi er glade for å ønske Selberg Arkitekter velkomen som partnar i laben! Vi har trua på at dei kan vere med på å sette fokus på heilskapen, og korleis vi kan bygge varige og inkluderande samfunn. Fortsetter Kristine Oda Walderhaug Sæther.

Selberg arkitektar søkjer eit innovativt og fleirfaglig nettverk for å utvikle idear i eit tverrfaglig miljø med offentlege og private aktørar. Samt opne nye dørar saman med partnarane. 

- Gjennom partnarskapet ynskjer vi å sette agenda i samfunnsdebatten. Være eit naturleg val for kundar med berekraftige ambisjonar og utviklingsbehov, samt ta ei aktiv rolle i omstillinga til det grøne skifte, lokalt, regionalt og internasjonalt, fortel Mette.

Selberg jobbar allereie i eit tverrfaglig samarbeid og brukar sin berekraftsplan aktivt i alle prosjekt. I tillegg prøvar dei å alltid utfordre byggherren til å sikre gjenbruk av materiale. Det er viktig for Selberg at medarbeidarane har god kunnskap om berekraft. Dei vil då kunne utfordre kvarandre gjennom nytenking og berekraftige løysningar. Deira fokus er alltid å bidra til ein påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur.

 

For meir informasjon, ta kontakt med:

Dagleg leiar i Selberg Arkitekter: Mette Abelseth Pütz: 922 23 029

Dagleg leiar i Framtidslaben: Kristine Oda Walderhaug Sæther: 984 23 060