Publisert 16.sep 2021

Avtalen er inngått for å få fart på ei framtidsretta by- og samfunnsutvikling ved at Sørsida og Framtidslaben  med partnarar, skal samarbeide om smarte og berekraftige prosjekt.

- Sidan reguleringsplanen blei vedtatt og selskapet oppretta, er særleg omgrep som berekraft og sirkularitet blitt sentrale og nødvendige målsettingar både lokalt og internasjonalt, seier dagleg leiar i Sørsida AS, Kirsti Slotsvik.
- Sørsida utvikling AS skal og vil svare på mange av desse forventningane når vi bygger ein heilt ny bydel. Vi har derfor behov for å vere ein del av Framtidslaben som er ein arena for nytenking og samhandling. Vi vil bruke laben som verktøy, som ein stad å få idear og for å vidareutvikle dei til det beste for byen, innbyggarar og besøkande i Ålesund.

Sørsida i Ålesund sentrum legg til rette for om lag 130 000 m2 med byutvikling og vil få bustadar, næringsbygg, detaljhandel, kulturaktivitetar og skole. Områdereguleringa omfattar også infrastrukturtiltak med ny bru over Ålesundet og nye byrom med auka kontakt mellom byen og sjøen.

- Vi ser heilt klart at Framtidslaben med partnarar og Sørsida AS har noko å tilføre kvarandre, seier dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth.
- Vi har fleire framoverlente partnarar som arbeider for å minske utsleppa frå bygg- og anleggsbransjen og som også tenkjer på sirkularitet og korleis bygningar kan byggast smarte. Det at Sørsida AS blir partnar i Framtidslaben vil gje ein ny giv til dette arbeidet gjennom konkrete problemstillingar som kan påverke vegen vidare for fleire.

På biletet:

Frå venstre – dagleg leiar i Sørsida AS Kirsti Slotsvik, dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth og koordinator Kristine Oda Walderhaug Sæther signerer avtale.