Publisert 17.mar 2021

- Det er god match mellom vår berekraftsstrategi og Framtidslabens mål og fokusområde. Vi ønsker å utgjere ein forskjell, fortset han.

Sparebank1 SMN - med datterselskap, har i underkant av 1 500 tilsette fordelt på 42 kontor. I Ålesund har finanshuset i tillegg til bank, Regnskapshuset og Eiendomsmegler 1, med til saman 80 medarbeidarar.

- Banken arbeider bevisst med berekraft, seier regionbanksjef Marita Løvik Stadsnes.

Ho fortel at lokalsamfunnet eig knappe 40 % av banken og derfor får sin del av bankens overskot, kalla samfunnsutbytte. 

- Konsernet har gjort aktive val, noko som gir unik kraft inn i berekraftsarbeidet. Det handlar om å bry seg. Vi har eit stort hjarte for lokalsamfunnet og ei urokkeleg tru på at saman får vi ting til å skje!

Nokre av prosjekta som Sparebank1 SMN har gått inn i, skal motverke sosial ulikskap - slik som støtte til Skattkammeret og Skibanken. Andre prosjekt dreier seg om byutvikling og krav til næringslivet for å unngå grønvasking. Fundamentet er å sikre ei berekraftig og framtidsretta utvikling. 

Dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth meiner SpareBank1 SMN blir ein viktig partnar:

- Gjennom den samfunnsrolla dei allereie tar, vil dei kunne bidra med kompetanse om berekraft inn i partnarskapen, seier ho.
- Det skal bli spennande å sjå korleis dei kan samspele og dele kunnskap med dei over 60 partnarane som allereie samarbeider godt i laben.

Framtidslaben er oppretta og driven av Ålesund kommune og blir utvikla gjennom samarbeid med partnarane. Målet er å stimulere til handlingsorienterte prosjekt som skal bidra til å nå FNs berekraftsmål innan alle dei tre berekraftsområda økonomi, sosiale forhold og klima og miljø. Samtidig skal prosjekta skape verdiar og moglegheiter for dei involverte partnarane. Framtidslaben har no over 60 partnarar frå næringsliv, akademia, organisasjonar og offentleg sektor. Framtidslaben er involvert i 16 framtidsretta prosjekt. Laben er ein del av av FNs program for smarte og berekraftige byar – United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC) og er den andre laben i verda som har dette samarbeidet med FN. Den første held til i Wien.