Publisert 24.feb 2022

Under besøket fekk statsministeren omvising på laben og eit innblikk i aktivitetane denne dagen. ALV, ÅKP, USHT Møre, Ålesund Kommune og NTNU var blant anna samla i eit møte. Det omhandla bruken av VR i offentlige tenester, akademia og næringsliv. Gjennom møtet samla dei erfaringar om felles utfordringar og muligheiter ved bruk av VR. 

Vidare fortalde daglig leiar Kristine om historia til laben og korleis laben jobbar for å være eit nettverk for berekraftig utvikling. Gjermund, leiar i The North West, presenterte organisasjonen The North West og kva dei jobbar med. 

”Har ikkje sett noko liknande miljø elles i Noreg”

Det sa statsministeren under besøket med dette tyder det på at Framtidslaben er ein unik organisasjon som driv med kunnskapsdeling, som bidreg til samarbeid for å nå berekraftsmåla på ein heilt ny måte. 

Statsministeren var også innom Newton-rommet på NMK, som er ein felles læringsarena for alle barn og unge i Ålesund, der matematikk, naturfag og teknologi er i fokus. Vidare fekk statsministeren sjå simulatoren til OSC (Agument City), samt høyre om arbeidet dei driv med.