Publisert 15.apr 2021

Alle arbeidsgruppene i prosjektet har god framdrift sjølv om digitale møteplassar har vore regelen heller enn unntaket siste året. Prosjektet har følgd arbeidet med areal-, klima- og transportplan (PAKT) tett og kartlagt prosessen og den kunnskapen arbeidet har utvikla. På grunnlag av dette arbeidet, vil det bli laga eit forslag til prototype som blir presentert på ein workshop før sommaren.

Partnarar i SMART PLAN (lenke til eiga nettside) er Ålesund kommune (prosjektleiar), Møre og Romsdal fylkeskommune, NTNU, Høgskulen i Volda og selskapet Offshore Simulator Center (OSC)/AugmentCity.

Norges forskningsråd har gitt 7 millionar kroner til prosjektet.    

Digital tvilling

OSC arbeider med å vidareutvikle ein interaktiv digital tvilling av Ålesundregionen med fokus på brukargrensesnitt, simulering og visualisering av berekraftsmål knytt til klima, areal og transport. Den digitale tvillingen skal vere eit verktøy for dei som tar beslutningar.  Tvillingen skal vise fram og simulere forskjellige løysingar ved at du kan legge inn forskjellige data slik at du ser konsekvensen av ulike strategiar og kan samanlikne scenarioer. På dette punktet i prosjektet, arbeider OSC blant anna med utvikling og integrering av ein simuleringsmodell for mobilitet - korleis vi forflyttar oss, som gjer det mogleg å sjå på transport i eit heilskapleg perspektiv. Når brukaren arbeider med forskjellige løysingar vil han kunne sette begrensningar, endre eller stenge vegar og sjå korleis trafikkflyten i eit område blir påverka av dette. 

Ein viktig milepæl for OSC, blir å utvikle tvillingen slik at den kan samhandle med NTNU slik at data og modellar som universitetet utviklar i prosjektet, kan visualiserast i tvillingen. 

NTNU arbeider med å utvikle eit system for datainnsamling, analyse og visualisering av informasjon knytt til klima, areal og transport. Universitetet ser blant anna på korleis vi kan måle berekraft gjennom bruk av eksisterande og nye indikatorar, korleis vi kan bruke data og simuleringsmodellar for å rekne ut desse indikatorane, og korleis planleggarar og andre aktørar kan analysere, prioritere og utforske data og bruke kunnskap på nye og interaktive måtar gjennom bruk av digital tvilling.

Ein viktig milepæl for NTNU framover, er å bidra til å kople data og modellar for interaktiv analyse til 3D-modellar. Ein prototype er under utvikling i samarbeid med OSC. 

Beslutningstakarar

Høgskulen i Volda har etter nyttår gjennomført intervju med utvalde politikarar i Ålesund, Sula og Giske. Mået har vore å kartlegge kva politikarane ser på som mogleg eller hinder når det gjeld:

  1. Strategisk planlegging 
  2. Erfaringar med digitale kart og kartapplikasjonar som ligg på kommunane sine heimesider (GeoInnsyn, WebInnsyn og Kommunekart) 
  3. 3D visualiseringar og interaktive modellar. 

I intervjua har det vore spesiell fokus på medverknad og berekraftig utvikling. Intervjua har gitt gode innspel til korleis vi kan tilpasse digitale visualiseringar til for eksempel strategiske planprosessar og politikarane som brukargruppe.