Publisert 04.des 2020

Namn: Andreas Amundsen

Alder: 39

Utdanning: Sivilingeniør i konstruksjonsteknikk frå NTNU

Jobberfaring: Variert bakgrunn frå Offshore Engineering (Kongsberg), fleire år i Sintef der eg jobba med forsking og utvikling av programvare for analyse av flytande konstruksjonar. Dei siste åra har eg arbeidd mykje med utvikling og design av ulike IT-løysingar for prosjekt og samhandling.

Kva gjer du i jobben din?

Eg jobbar med å etablere ein digital tvilling for Ålesund kommune. Dette arbeidet foregår på mange nivå: gjennom tett kontakt med fagområde for å lære korleis dei jobbar og forstå kva nytte dei kan ha av eit slikt verktøy, med å bygge opp tvillingen slik at den får eit logisk system og slik at det er lett å finne data som er lagt inn – bygge arkitekturen i tvillingen, lære av andre forskingsprosjekt og samarbeide med dei og andre nettverk nasjonalt og internasjonalt.

Kva er ein digital tvilling?

Dei fleste forbind nok først og fremst ein digital tvilling med visualisering i 3D – altså ein måte å vise fakta og data  i eit format som kanskje er lettare å forstå for mange enn å lese i eit dokument.  

For Ålesund kommune er dette ein systematisk måte å arbeide på som gjer at vi kan sette saman både eigne data og opplysingar og andre sine data og sjå korleis vi kan planlegge på ein best mogleg måte. For eksempel: Om vi planlegg eit nytt boligområde i kommunen – kva vil det gjere med kapasiteten på vegar, skolar, vatn og avløpssystemet og straumleveransen, korleis bør husa ligge for å få utnytte området, lyset og terrenget best mogleg? Vi kan også sjå inn i framtida med å legge inn tal som viser korleis folketalet i eit område vil utvikle seg basert på tal som er tilgjengelege frå for eksempel Statistisk Sentrabyrå, og planlegge ut frå korleis utviklinga ser ut til å bli.

Ein digital tvilling kan kanskje  best beskrivast som eit kommunikasjonsverktøy der vi kan legge inn opplysingar for å sjå kva løysing som er den beste. 

Kvifor ønsker Ålesund kommune å bruke ein digital tvilling?

Dette er et verktøy som kan gi verdi på fleire nivå. Det å etablere eit rammeverk eller arkitektur for å strukturere data er i seg sjølv nyttig, Ålesund kommune eig og konsumerer mykje data! Eg håper også at tvillingen kan bidra til støtte slik at avgjerder kan bli betre og at den kan gjere det enklare å kommunisere på kryss og tvers i organisasjonen og med innbyggarane.

Kva kan den digitale tvillingen brukast til?

Vi ser at det å strukturere og visualisere data i seg sjølv gir verdi. Eit eksempel på det kan være kombinasjon av ulike kartlag med andre datakjelder som trafikkdata og mobildata – altså kvar køyrer folk, når køyrer dei der og kvifor køyrer dei der. Samtidig er vi interesserte i å sjå på analyser som kan være aktuelle å ta inn i tvillingen, for eksempel: kva er den beste køyreruta for renovasjonsbilar eller  kollektivtransport for å spare tid. FNs indikatorer for kor smarte og berekraftige vi er,  er viktige i arbeidet som blir gjort i Framtidslaben. Vi ønsker å se på om ein digital tvilling kan være ein måte å ta i bruk resultata frå FN-analysen og andre KPI’ar (nøkkeltal). Kva påverknad har avgjerdene vi tar i Ålesund kommune på kor smarte og berekraftige vi er?

Kor langt er kommunen komne med å ta i bruk den digitale tvillingen?

Sjølv om vi er tidleg i arbeidet med å samle inn og strukturere data og analysar, bruker vi 3D-modellen frå Augment City aktivt i fleire prosjekt allereie no. Vi har mange mindre prosjekt knytt til ulike fagområde der vi lagar prototypar og testar hypotesar.  Vi er heilt i startgropa, men ønsker å ha med potensielle brukarar heilt frå start for å få gode tilbakemeldingar.

I Smartplan, som er det største prosjektet rundt digital tvilling,  bruker vi arbeidet med PAKT (Plan for areal, klima og transport) som første case. Målet er å utvikle eit verktøy som kan være ei støtte i kompliserte planprosessar der mange ulike omsyn må vegast opp mot kvarandre. Samtidig har vi mindre prosjekt retta mot Geodata og modellering av strandsona i 3D. Beredskap er også eit fagområde vi ser på både internt og i samarbeid med Kartverket og andre kommunar. Felles for desse prosjekta er at datakjeldene ofte ligg opne og tilgjengelege hos til dømes Kartverket, Statistisk sentralbyrå og Statens vegvesen.

Når kan vi rekne med at kommunen kan bruke den digitale tvillingen i det daglege arbeidet?

Nokre av oss har begynt allereie, men det er først når vi er godt i gang med Smartplan at vi kan forvente ei brei utrulling. Vi må også ta inn over oss at vi er først ute med dette arbeidet nasjonalt, og på nokre område også internasjonalt. Det er både ein stor moglegheit og ei utfordring at vi er tidleg ute, men vi ser mange teikn til at timinga er god og at teknologien begynner å bli moden.

Samtidig ser vi at andre nasjonale initiativ startar opp med digitale tvillingar, for eksempel i regi av Kartverket.

Det er spennande å å være med å definere eit nytt fagfelt!

Kva utfordringar har kommunen i bruk og innføringa av digital tvilling?

Det er med digital tvilling som med all anna tenesteutvikling; om  vi ikkje klarer å finne brukaren eller brukargrupper og tilføre verdi med å løyse reelle utfordringar vil vi ikkje lykkast. I innføringa av nye verktøy er det ofte mange tradisjonelle strukturar og etablerte prosessar som kan være krevjande å endre. Eg trur at vi som arbeider med digital tvilling bør sette oss godt inn i kvifor ting blir gjort som dei blir gjort før vi forsøker å få til endring, men samtidig må vi alle vere opne for heilt nye løysingar.