Publisert 05.mai 2021

Å bruke dei to kommunane til å utvikle det digitale verktøyet for berekraftig arealforvalting, vil gje kunnskap om korleis toppmoderne konsekvensanalyse, visualisering og samskapingsteknikkar kan vere ei støtte i berekraftige arealplanleggingsprosessar i Norge.

Gjennom simulering og visualisering i ein digital tvilling, skal verktøyet hjelpe til å sjå kva endringar i bruk av areal i kommunane har å seie for miljøet, samfunnet og økonomien. Verktøyet kan gjere det lettare å kommunisere og snakke om eit prosjekt og vise kva det er, samtidig som det vil hjelpe dei som skal ta avgjerder å sjå konsekvensar av dei vala dei tar når det gjeld arealplanlegging.

I den digitale tvillingen vil det offentlege, private utviklarar og andre interessentar kunne legge inn data og setje dei saman på forskjellige måtar for å sjå korleis arealbruken innan utviklinga av energiforsyning, transport og bygningar vil slå ut for samfunnet som heilskap.

Twin Fjord (nettsida er under utvikling) er eit tverrfagleg prosjekt der natur-, berekraft-, data-, samfunns- og statsvitskap blir slått saman for å gje ei god tilnærming til berekraftig forvalting av landområde.

Systemet vil ha tre modular som kan brukast i arealplanlegginga:

  • Ein kunnskapsbase med data og teknikkar som hjelper til med å analysere kor berekraftig eit prosjekt vil vere.
  • Eit interaktivt digitalt verktøy i 4D som viser og går i djupna på konsekvensane av eit prosjekt
  • Ein skriftleg gjennomgang av data og teknikkar som viser korleis det digitale verktøyet har fungert i planlegging, for å analysere konsekvensar og for å ta ei avgjerd.

Dei to kommunane Stranda og Fjord er nyttige fordi dei har verdsarvområde, verneområde og risikosoner for steinskred og ras som kan føre til tsunami i eit større område. Dette gir spesielle utfordringar når det gjeld arealplanlegging og arealutvikling. På grunn av mange turistar er det nødvendig å raskt få på plass ein infrastruktur for energi, transport og bustadar. Twin Fjord vil utforske reelle problemstillingar og caser for å utvikle og bruke den digitale tvillingen til berekraftig og deltakande planlegging i området. (Artikkelen fortset under videoen)

Partnarar:

  • NTNU
  • Norges Miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Offshore Simulator Centre
  • NINA – Norsk institutt for naturforskning
  • Universitetet i Bonn
  • ÅKP
  • Fjord kommune
  • Stranda kommune
  • Geirangerfjorden verdsarv
  • Fjordhagen
  • Stranda hamnevesen
  • Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • United Future Lab Norway

Aktuelle berekraftsmål

3 – God helse og livskvalitet

7  – Rein energi til alle

9 - Industri, innovasjon og infrastruktur

11 – berekraftige byar og lokalsamfunn

12 – Ansvarleg forbruk og produksjon

13 – Stoppe klimaendringane

15 – Livet på land