Publisert 07.jul 2021

Anne Jensen frå familiestøttande tenester i Ålesund kommune fortel at då ho første gongen høyrde om E-sport som verktøy i arbeidet så var ho skeptisk.

- Ideen kom frå verksemdsleiar Hildur Alvestad. Eg syntest det var tullete, og tenkte eg måtte finne ut meir, for å kunne argumentere i mot. I staden vart eg overvelda over dei gode resultata av slik aktivitet andre stader.
e-teamsAnne2.JPG
Anne Jensen frå familiestøttande tenester i Ålesund kommune seier ho i arbeidet med E-teams har vorte overvelda av dei gode resultata av slik aktivitet andre stader, og at dei berre ut frå oppstarten i Ålesund ser gode spor av e-sportsatsinga.

Vegen gjekk vidare til Framtidslaben som hjelpte til med å kople aktørar, og no rullast e-sportaktiviteten ut på mange arenaer.

Ikkje spele meir, men spele meir i lag

Først ut er sommarskule på Blindheim. 120 barn skal vere med på sommarkurset. Tilbodet vart utselt på eit par minutt, og Anne Jensen fortel at dei sikkert kunne fylt opp med like mange barn.

På Blindheim ungdomsskole kjem 25 PC-ar på plass til komande skoleår. Der blir e-sport valfag og 124 ungdomsskoleelevar får innfridd ønsket medan faget hadde endå fleire søkjarar.

e-teams leiarar.jpg
Svein Håkon Trandal (t.h.) er ansvarleg for prosjektet og valfaget på Blindheim ungdomsskule, og har hatt ei viktig rolle i samarbeidet med skulen og for å få sett i gang e-sportsatsinga. Vidare mot venstre: Michael Drabløs Parra, Thord Hansen og Andreas Helle. Aktivitet ved skjermen skal veksle med aktivitet i bassenget. Leiarane er mellom anna frå e-sportlinja på Akademiet. Utstyret er finansiert av midlar frå Gjensidigestiftelsen.

I tillegg skal ein til hausten også utnytte Newton-rommet på ettermiddagstid til å gi tilbod om e-sport.

På sommarskolen blir tilbodet gitt i samarbeid med Aalesund Svømme- og Livredningsklubb. Ettermiddagsaktiviten på Newton-rommet skjer i lag med Ålesund Hurricanes Innebandy.

Anne Jensen seier dei tenkjer heilheitleg og gir tilbod med e-sport i kombinasjon med fysisk aktivitet, ernæring og helse.

- Barn og unge skal ikkje nødvendigvis spele meir, men dei skal spele meir i lag, lære av kvarandre og kople gaminga med annan aktivitet.

Speletilbodet kjem for fleire

På Newton-romet skal e-sport og spelbasert læring også testast som ny pedagogisk læremetode i samarbeid med Blindheim ungdomsskule. 

Jensen fortel om stor pågang og stor begeistring frå dei unge. Det er allereie planar om å utvide satsinga, og ein ser føre seg både fleire skular og større aldersspenn. 

- Vi ser på dette som eit viktig verktøy for inkludering, folkehelse og livsmeistring. Vi trur også dette på sikt vil vere eit viktig førebyggande element gjennom at vi gir eit tilbod alle kan bruke. Og så sit det mykje kunnskap og digitale evner inne på mange barne- og ungdomsrom. No kan vi løfte det fram, anerkjenne og inkludere.

Håpet er at satsinga på e-sport også skal nå foreldra med kunnskap om kva barna styrer med og alt dei kan.

- Vi ser at store bedrifter og til og med Forsvaret er ute etter dyktige, digitale ekspertar. Og kanskje skal vi som foreldre bli like flinke til å fortelje om kor gode barna våre er i e-sport som i for eksempel fotball…?

Mange medspelarar

Satsinga på E-sport er eit resultat av innsatsen til mange av Framtidslaben sine partnarar:

 Atea, Sparebanken Møre , Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NTNU, ALV Møre og Romsdal, NMK, Newton Møre, Blindheim Ungdomsskole og PPT, Gjensidige stiftelsen, Friviligsentralen, Fagerlia videregående skole - Helse- og sosialfag, NAV, Hurricanes innebandy, Rollon sportsklubb og Sunnmøre data og kultur er med på laget.

Og Anne Jensen er tydeleg på Framtidslaben si rolle i dette.

- Det var eit vere eller ikkje vere. Det å få spreidd ideen, kopla og samla partnarar, søkt om midlar og forankra prosjektet gjennom Framtidslaben, det har vore alfa og omega. 
e-teamsrygg.JPG