Publisert 20.apr 2021

Målet med skulehagen er at elevane gjennom arbeidet i hagen skal opparbeide seg kunnskap, ferdigheiter og haldningar som dei kan ha nytte av seinare i livet. Med skulehagen som bakteppe vil skolen kunne utvikle undervisningsopplegg som tar omsyn til dei tre perspektiva i berekraftig utvikling - klima og miljø, det sosiale aspektet og økonomi. 

Skulehagen har kontakta Framtidslaben for hjelp til å finne partnarar som kan vere med å utvikle skulehagen.

Om skulehagen til Valle skule

Dei starta å rydde området som no er skulehagen i 2013, og med hjelp av midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune fekk dei etablert den.  

I fjor fekk dei 60 000 kroner frå «Den naturlige skolesekken» til å vidareutvikle skulehagen med hønsehus og kompost. Pengane skal brukast til desse prosjekta og til å kjøpe fri lærarar for lage undervisningsopplegg og planlegge arbeidet i hagen. 

Ei gruppe som har valfaget arbeidslivsfag ved Skodje ungdomsskole vil bygge hønsehuset, så Valle skule håper at i løpet av våren eller tidleg haust, vil dette vere oppe. Der vil dei ruge ut kyllingar slik at elevane får følgje hønene frå egg til kylling og vaksne høner. 

Matavfallet ved skolen vil bli ein stor del av fôret til hønene. Avføringa til hønene vil bli fin gjødsel til hagen. Egga som hønene legg, vil skolen bruke i mat & helse og forhåpentleg vil også familiane til barna som går på skolen, kunne kjøpe egg. 

Mål og meining

Valle skule håper at dette prosjektet vil hjelpe skulen på veg slik at skulehagen blir ein naturleg del av skulekvardagen for alle elevane ved Valle skule og at elevane sit igjen med kunnskap om berekraftig utvikling som dei kan nytte i utfordringar dei møter seinare. 

Dette er eit 3-årig prosjekt der Valle skule søker om støtte for kvart år. Får dei godkjent søknaden for neste år, får dei 50 000 kroner. Tredje året er summen 40 000 kroner.  

«Den naturlige skolesekken» oppfordrar skolen til å involvere eksterne aktørar som kan hjelpe oss med prosjektet på ulikt vis. Difor har dei tatt kontakt med Framtidslaben. 

Om du eller di bedrift er interessert i å vere med å utvikle skulehagen til Valle skule, ta kontakt med innovasjonsjeger Sindre Rovde.