Publisert 24.nov 2020

-    Vi gler oss til å samarbeide med United Future Lab Norway og dei andre partnarane, og lære meir om behova rundt digitale tvillingar for byar og kommunar, slik at vi kan vere med å teste våre geografiske data, seier kartverkssjef i Kartverket Johnny Welle.

Kartverkssjef i Kartverket Johnny Welle. Foto_Bjørn-Owe Holmberg
Karverkssjef Johnny Welle. Foto: Bjørn-Owe Holmberg


-    Her er det aktørar og partnarar som er nysgjerrige på korleis dagens prosessar kan gjennomgå digital transformasjon, forset han.

Kartverket dekker Noregs behov for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon, og er tinglysingsmyndigheit for heile landet. Hovudkvarteret ligg i Hønefoss. I tillegg har Kartverket 13 kontorstader frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord, i tillegg til eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.

United Future Lab Norway er eit nettverk av lokale, regionale, nasjonale og internasjonale partnarar. Laben er ein del av FNs program for smarte og berekraftige byar (U4SSC). Framtidslaben er den andre laben i verda som har dette samarbeidet med FN.

Laben har over 50 partnarar frå privat næringsliv, akademia og offentleg sektor som saman ønsker å finne dei gode løysingane på felles utfordringar. United Future Lab Norways hvoudmål er å stimulere til handling gjennom prosjekt. Framtidslaben og partnarar har per i dag 15 smarte og berekraftige prosjekt på gang. Framtidslabens  oppgåve er å hjelpe partnarane med å realisere konkrete prosjekt som skaper verdiar og moglegheiter for dei og samtidig bidrar til å nå FNs berekraftsmål.  

Dagleg leiar i United Future Lab Norway, Marielle Furnes Mannseth er svært fornøgd med at Kartverket er blitt partnar:

Profilbilde_Marielle.jpg
Dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth

-    Kartverket er ein stor aktør med ansvar for rammeverket innan informasjon om geografi, og som har mykje kompetanse og data som vil vere nyttig og interessant  for våre prosjekt. Eg er også sikker på at dei med si tilnærming til partnarskapet, har mykje å tilføre til andre partnarar. Vi gler oss veldig til å kome i gang med gode prosjekt!

-    Ein viktig faktor som skil United Future Lab Norway frå  andre smartbylabar, er forskings- og utviklingsavtalen med OSC (Offshore Simulator Centre) og dotterselskapet Augment City for å arbeide med utvikling av digitale tvillingar, legg ho til.

-    Bruk av vertøy som den digitale tvillingen og annan teknologi, er svært viktig i arbeidet for å skape smarte og berekraftige samfunn. Kartverket er spesielt interessert i sjå kva behov dei kan vere med å utvikle her, så dette blir spennande.

Kartverkssjefen er einig:

-    Målet vårt er at Noreg skal vere leiiande i bruk av geografisk informasjon – noko som er visjonen i regjeringas geodatastrategi. Samarbeid om geografisk informasjon er ein del av grunnlaget for å nå berekraftsmåla internasjonalt og nasjonalt. Då må vi legge til rette for vekst hos private aktørar og for at det offentlege kan få effektive prosessar og levere heilskaplege gode tenester til innbyggarane. Samarbeidet vårt med United Future Lab Norway blir ein viktig arena for dette arbeidet, avsluttar Johny Welle.