Innsamla data kan kome frå sensorar, økonomisystem, CRM-system (system for å handtere kundar) eller offentlege tilgjengelege data – eigentleg kva som helst du kan hente data frå - slik som når du søker på Google, i sosiale mediekontoar eller kven som har vore inne på nettsidene til bedrifta.

På same måten som i nettbanken får du oversikt over kva du har på «konto» og ser ulike måtar du kan bruke dataa på. Plattforma er bygd slik at data blir henta ut og lagra på ein trygg og enkel måte som gi verksemda verdifull innsikt og hjelp til å ta avgjerder i prosjekt. Gjennom å hente inn data og samanstille dei med andre data, vil du kunne ta avgjerder basert på fakta og ikkje magefølelsen.

United Cities dataplattform er allereie ein del av AugmentCity sin digitale tvilling. Målet er at gjennom bruk av desse tilgjengelege dataa kan partnarar saman skape smarte og berekraftige byar.  Slik som plattforma er sett opp no, er å rekne som ein pilot slik at det er mogleg å kome i gang med å dele og bruke data.

Ålesund kommune vil arbeide for å gjere tilgjengeleg opne datasett i plattforma. Dette vil i første omgang vere data som blir nytta i den digitale tvillingen, men på sikt også øvrige data. Det er ønskeleg at partnarane arbeider for å fylle løysinga med data frå andre kjelder i lokalsamfunnet vårt.  Kontaktperson i Atea er marte.aarseth@atea.no

Partnarar:

Atea og Ålesund kommune

Berekraftsmål

9 -  Innovasjon og infrastruktur

KPI-analysen indikerer

Regionen har ein god IKT-infrastruktur som legg eit godt grunnlag og moglegheiter for ei smart og berekraftig utvikling av Ålesund.