Kor engergismart og klimavennleg kan vi bygge innanfor økonomiske berekraftige rammer?
Fleire partnarar har gått saman for å sjå om det er mogleg å etablere Digerneset Næringspark som ein framtidig smart bydel. Målet er å redusere klimagassutsleppa frå blant anna transportsektoren.  

Draumen for eigedomsutviklar Digerneset Næringspark, er å skape eit smart mikronett basert på fornybar energi og energiutvskling mellom bygg i ein kombinasjon av bruk av solceller på dei store takflatene, batterilager, elbillading og intelligente energisystem.

No ser dei på moglegheitene for å få dette til med å:
• Etablere eit innovativt partnarskap med dei mest innovative og framtidsretta aktørane i regionen.
• Vise korleis berekraftsmåla gjer det mogleg for bedrifter i forskjellige bransjar å samarbeide.
• Finne dei konkrete kommersielle moglegiheitene i prosjektet – og løysingar som kan hjelpe til å nå målet om ein utsleppsfri transportsektor.  

Etter forprosjktet er det klart for sjølve hovudprosjektet!
Her er det hårete mål:

  • Digerneset må bli eit regionalt knutepunkt som er fleksibelt og kan omstille seg slik at det blir eit næringsområde for framtida.
  • Digerneset ønsker å etablere eit smart mikronett basert på fornybar energi og energiutveksling mellom bygg.
    Det kan være ein kombinasjon av fornybar strømproduksjon som solceller eller små vindmøller, batterilager, elbillading og intelligente energisystem.

Meir om prosjektet ser du i dette opptaket av partnartreffet i Framtidslaben 19. juni 2020. Informasjon om prosjektet finn du frå ca. 7 minutt ut i møtet.

Om Digerneset 

Næringsparken er eit 400 dekar stort område med byggeklare tomter. Det er flytta rundt 2 000 000 kubikk fjell for å forberede framtidas knutepunkt for bedrifter og kundar. Digerneset Næringspark skal utvikle kortreiste arbeidsplassar, kortreist handel, kortreiste offentlege tenester kombinert med energi produsert på staden.

Digerneset Næringspark har fått tildelt 3 millionar kroner frå Innovasjon Norge  til forprosjektet.  Forprosjektet har om lag 20 partnarar, blant dei Sintef, Posten/Bring, BKK, Sparebanken Møre, Norconsult og Ålesund kommune.

Formålet med forprosjektet er å undersøke om det er mogleg å etablere Digerneset Næringspark som ein smart bydel og eit smart knutepunkt for logistikken i regionen. Målet er å finne konkrete kommersielle moglegheiter og løysingar som kan bidra til å nå målet om ein utsleppsfri transportsektor.

Innovativt samarbeid, eit sterkt fellesskap og samhandling mellom næringsliv, akademia og det offentlege er avgjerande for å lykkast med å gjere prosjektet økonomisk berekraftig. Difor er prosjektet ein del av Ålesund framtidslab.

Aktuelle berekraftsmål

17 – Samarbeid for å nå måla

13 – Stoppe klimaendringane

11 – Berekraftige byar og samfunn

 9 – Innovasjon og infrastruktur

 7 – Rein energi for alle

KPI-analysen seier

Heile transportsektoren er gul. Analysen viser at regionen skårer dårleg på at mange køyrer privatbil og få tar bussen, sjølv om over 90 % av innbyggarane bur mindre enn 500 meter frå eit busstopp. Her viser analysen at regionen ligg på raudt. Regionen skårer også raudt på høgt energi- og vassforbruk.

Eit pre er at regionen har ein god IKT-infrastruktur som legg eit godt grunnlag og moglegheiter for ei smart og berekraftig utvikling av Ålesund.