Velferdsteknologiske løysingar blir tatt i bruk i helse- og omsorgstenestene. I tilfelle der vi tidlegare måtte møte opp fysisk, kan vi no bruke nettbaserete tenester. Velferdsteknologiske løysingar kan gi meir fridom og tryggleik for brukarane. Det å kunne vere sjølvstendig og meistre eigen kvardag er eit behov som står høgt for dei fleste. 

Fram mot 2030 vil ein stor del eldre menneske ha kroniske og samansette lidingar. Aldersgruppa frå 60 år og oppover blir større, og det er ei auke i sjukdommar i denne gruppa. Prosjektdeltakarane meiner det difor er nødvendig at både brukarar og pårørande blir meir involverte i å utforme tenesten. Ein må jobbe tverrprofesjonelt for skape framtidas løysingar gjennom samhandling. 

Framtidslaben blei brukt for å teste løysingar blant 30 eldre frå heile den nye kommunen Ålesund. Desse var kvinner og menn i alderen 60 – 81 år. 

Simulering av busituasjon

For å kartlegge bruken av velferdsteknologiske løysingar, blei fire rom på Framtidslaben rigga for å simulere ein verkeleg situasjon med møblar som sofa, stolar, bord og plantar. Romma hadde standard nettbrett, smart mobiltelefon, 65’’ tv og 17’’ pc. Alle einingane var kopla opp mot Skype og klare til at deltakarane kunne kommunisere på dei.  

Testpersonane si oppleving av velferdsteknologiske løysingar

Resultata i prosjektet viser at 50 % av dei som var med i testen var middels fornøyd med sine tekniske brukarerfaringar, 33 % meinte dei hadde god erfaring, medan berre 2 % meinte dei hadde liten brukarerfaring.

Resultat

60 % av deltakarane syntes det var spennande å bli kjent med moglege løysingar.

Videokommunikasjon

10 % fann videokommunikasjon utfordrande
6,7 % syntes det var interessant
3,3 % fann det praktisk
10 % meinte opplevinga av videkommunikasjon var grei
3,3 % fann at opplevinga ikkje var bra

Plattformar

35 % foretrakk PC
32,5 % foretrakk tv-skjerm ved videokommunikasjon
27,5 % likte best nettbrett
5 %  foretrakk mobiltelefon

Praktisk bruk

83,3 % meinte tekniske løysingar kan brukast til samtale med lege (korte samtalar om symptom)
6,7 % ønsker ikkje å bruke løysingane til slike samtalar
90 % meinte løysingane kan brukast til samtale med det offentlege (men opptatt av å ivareta personvern)
10 % ønsker ikkje det

Resultat av prosjektet

Prosjektet viser at det er fleire faktorar som er aktuelle ved bruk av videokommunikasjon. Dei eldre er opptatte av kor brukarvenlege einingane er og kor godt den enkelte brukaren forstår teknologien, dei etiske utfordringane og tilrettelegginga. 
Teknologien må vere lett å bruke, med enkel utforming, det skal vere enkelt å kople seg opp, og som fleire peikte på, må lyd og bilete vere tilfredsstillande. 

I dette prosjektet har det vore viktig å kunne dele kunnskap med andre kompetansemiljø. Skal vi kunne møte morgondagens behov, må vi saman finne dei beste løysingane for brukaren, dei pårørande og andre involverte. Vi må gå frå ein ein-til-ein tankegang, der vi tenker mitt og ditt, til å skape eit nettverk der det opning og kultur for deling.
Innsikta i prosjektet blei brukt vidare i prosjektet Bruk av eksisterende teknologi for å motvirrke ensomhet blant eldre finansiert av Helsedirektoratet. 

Finansiering: Smart Plug-midlar frå NTNU

Partnarar:
NTNU
Ålesund kommune
ALV Møre og Romsdal
ATEA

Du finn meir om prosjektet i ein artikkel i bladet Sykepleien.

Sjå også denne videoen som ligg på Facebook

Aktuelle berekraftsmål

3 - God helse og livskvalitet

9 -Industri, innovasjon og infrastruktur

11- Berekraftige byar og samfunn.

17 - Samarbeid for å nå måla

Tekst til bilete:
Desse folka har delt kunnskap om velferdsteknologi med kvarandre.
Frå venstre Arne Styve (NTNU), Stina Lillevik (Ålesund kommune), Nancy
Walderhaug (NTNU/Mental Helse) og Cecilie Campbell (ALV-Møre og Romsdal).