OiER har i samarbeid med KPMG Pure Sustainability og UN Global Compact Norge, starta arbeidet med å utvikle eit program og ein metodikk spesielt retta mot samarbeid mellom offentleg sektor og privat næringsliv. Programmet skal også tilrettelegge for lokalt engasjement. Det er Sparebanken Møre som gjer programmet mogleg, gjennom å bevilge 1,7 millionar kroner til prosjektet.

Prosjektet har fått namnet Jakta på berekraftsmetoden - fra KPI-analyse til forretningsmuligheter.

Målet er at næringslivet i regionen skal kunne jobbe med berekraftig utvikling på ein god og effektiv måte. 

Små og mellomstore bedrifter har begrensa ressursar til å manøvrere i dette landskapet. Gjennom dette prosjektet vil bedrifter få kunnskap og innsikt som vil gjere at dei kan ta gode avgjerder som bidrar til både lønnsemd og utvikling.

Bakgrunn og metodikk

Programmet blir basert på FNs analyse av data fra 100 byar frå heile verda. Analysen kartlegger kor smarte og berekraftige desse byane er, og er gjennomført av FN-organisasjonen United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC). Ålesundregionen var først i Noreg til å gjennomføre ei slik kartlegging, og Møre og Romsdal er det første fylket som gjennomfører ei kartlegging av alle sine kommunar. Målet er å identifisere relevante fokusområde lokalt og regionalt, der det er største behov for utbetring.

Prosjektet er innovativt og kan vere eit forbilde for andre fylker og kommunar. Partnarskapen mellom offentleg sektor, akademia og næringsliv blir avgjerande for å lykkast. På sikt vil prosjektet kunne bygge opp ein databank med gode eksempel basert på data og fakta, og korleis dei kan brukast konkret til beste for kommunar og næringsliv.

U4SSC ønsker også å bruke denne metodikken og programmet som blir utvikla for implementering av tiltak knytt til U4SSC, globalt.

Møre og Romsdal fylkeskommune blir nasjonal pilot saman med offentlege verksemder og privat næringsliv i fylket. Framtidslaben blir testarena for utvikling av den nye metodikken.

Rapport

Her kan du lese sluttrapporten etter prosjektet Jakta på bærekraftsrapporten.

Partnarar:

OiER, KPMG Pure Sustainability, UN Global Compact Norge, Sparebanken Møre

Aktuelle berekraftsmål

9 - Innovasjon og infrastruktur

11 -Berekraftige byar og samfunn

17 - Samarbeid for å nå måla

KPI-analysen indikerer

Kartlegginga viser eit gap mellom det kommunen gjer per i dag og det som må til for realisere dei utvalde berekraftsmåla som fell under berekraftige byar og samfunn.