Mål med prosjektet 

Prosjektet skal undersøke korleis beredskapen i fylket kan bli betre ved å sjå på korleis ulike samfunnsfunksjonar heng saman og kva verknadar ulike hendingar har på tvers av desse.  

Vi er i ei tid med spennande teknologiske innovasjonar på den eine sida og store vanskelege problem på den andre.  Verda vår heng meir saman og teknologiar og funksjonar er meir avhengige av kvarandre enn før; Årsakar, effektar og løysingar heng derfor saman og påverkar kvarandre.

For kritiske samfunnsfunksjonar er det viktig at verknadar av ei krise blir identifisert og handtert  slik at ein unngår dominoeffektar der enkelthendingar skaper forstyrringar og bortfall på tvers av samfunnsfunksjonar.

Desse avhengigheitene og problema treng ikkje vere tekniske/fysiske, dei kan vere for eksempel psykologiske eller sosioøkonomiske.

Dersom det oppstår ei krise innad i ein organisasjon, vil denne krisa påverke andre organisasjonar og miljøet rundt. Hovudmålet med prosjektet er å minimere konsekvensane av ei hending eller krise med gode rutinar og kriseplanar.

Om prosjektet 

Ålesund kommune står som prosjekteier og i samarbeid med Framtidslaben skal prosjektet gjennomførast ved bruk av work shops og møter. Partane skal undersøke potensielle verknadar av framtidige kriser på infrastrukturen i Møre og Romsdal. Dei skal og etablere ei betre forståing av dagens situasjon og korleis beredskapen kan forbetrast. Framtidslaben skal være ein arena for kunnskapsspreiing og deling av resultata til prosjektet.  

Prosjektet skal vere nyttig for andre kommunar, fylker og innbyggarane generelt.  

I slutten av prosjektet vil partnarane delta i Beredskapskonferansen i 2022. Her vil dei diskutere og reflektere over prosjektet, og korleis det er mogleg å bidra til gode rutinar og planar for framtidige kriser eller problem.  

Prosjektet starta i 5. januar 2022 og skal vere ferdig i juni 2022. 

Finansiering: Prosjektet er finansiert med 500 000 kroner av regionalt forskingsfond Møre og Romsdal  

Partnarar 

SINTEF Ålesund, OSC og Ålesund kommune

Moglege partnarar

Mørenett, Telia og Paneda med fleire 

Aktuelle berekraftsmål 

3 – God helse 

4 – God utdanning 

6 – Reint vatn og sanitærforhald 

9 – innovasjon og infrastruktur 

11 – berekraftige byar og samfunn 

13 – stoppe klimaendringane 

14 – Liv under vatn 

15 – Liv på land 

17 – samarbeid for å nå måla