Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å ta ein klar posisjon i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida. Gjennom initiativet Berekraftsfylket Møre og Romsdal har ein tatt ein tydeleg rolle i FN-programmet U4SSC. I følgje nasjonal bibliotekstrategi er biblioteka i skjeringspunktet mellom kultur, utdanning, folkehelse og sosialt arbeid. Det gir eit godt utgangspunkt for å jobbe med berekraftsmåla. Det er likevel vanskeleg å ta tak i dette arbeidet og vite kvar ein skal byrje. 

Prosjektet skal ta utgangspunkt i KPI-analysen av kommunane, som er ein del av FN-programmet U4SSC og utarbeide ein modell for korleis biblioteka kan arbeidet strategisk og målretta med berekraft. Dette er lærdom kan overførast til andre bibliotek nasjonalt. 

Prosjektet er leia av Møre og Romsdal fylkeskommune ved seksjon for bibliotek og museum. Seksjon for berekraftig samfunnsutvikling er også ein viktig støttespelar. 

Partnarar
The North West, Sula bibliotek, Sunndal folkebibliotek, Hareid folkebibliotek, Ålesund bibliotek og Møre og Romsdal fylkeskommune