Målet med prosjektet

Korleis skal norske kommunar sørge for berekraftig utvikling i praksis? Det er eit spørsmål mange stiller seg. I 2019 ga regjeringa kommunane i oppdrag å legge FNs berekraftsmål til grunn når vi skal løyse vår tids største utfordringar.

Ålesund og Bærum kommunar har målt kor berekraftige dei er gjennom ein analyse gjennomført av FN-organisasjonen United for Smart Sustainable Cities (U4SSC). Sjølv om resultata og utfordringane ser ulike ut i dei to kommunane, har begge trukke den same konklusjonen:

Det er ikkje mogleg å nå berekraftsmåla utan eit tett samarbeid mellom offentleg og privat sektor og innbyggarane. Berekraftig utvikling blir skapt gjennom samarbeid mellom fleire. Dette samarbeidet bør vere forankra i data som er basert på fakta og ikkje kjensler - det som blir kalt datadriven utvikling.

Difor har Bærum og Ålesund kommunar starta prosjektet «Datadrevet samskaping – metoder og verktøy for bærekraftig innovasjon og samfunnsutvikling». Med på laget er NTNU og Offshore Simulation Center (OSC). Prosjektet har fått tildelt 6,9 millioner frå Forskningsrådet, gjennom støtteordninga til innovasjonsprosjekt i offentleg sektor. 

Om prosjektet

Prosjektet går i korte trekk ut på å se fakta på ein ny måte for å gjere det lettare å treffe gode avgjerder og forstå konsekvensane av dei avgjerdene som blir tatt. Prosjektet er knytt til Offshore Simulator Center i Ålesund som gjennom dotterselskapet AugmentCity, har utvikla eit verktøy som viser digitale tvillingar av byar. Dette verktøyet kan samle, visualisere og simulere data og datasamanhengar. Det er derfor eit godt utgangspunkt for å skjønne nye samanhengar og moglegheiter for aktørar knytt til berekraftsarbeidet i dei to kommunane. Målet er å utvikle eit analyseverktøy gjennom å bruke digital tvilling. Verktøyet gjør det lettare å lese data, sette dei saman på nye måtar og se forskjellige løysingar som kan prøvast ut digitalt for å sjå korleis kommunane best mogleg kan bidra til å oppnå FNs berekraftsmål.

Satsar på energistyring og sirkulær utvikling 

Prosjektet vil konsentrere seg spesielt om to utvalde tema: energistyring og sirkulær by. Det er fokus på berekraftsmåla rein energi til alle, berekraftige byar og samfunn, ansvarleg produksjon og forbruk, stopp klimaendringane og samarbeid for å nå måla. 

Treng kunnskap 

Prosjektet skal også på ulike måtar bidra til at NTNU bygger vitskapleg kunnskap som kan styrke nødvendig kompetanse i forskningsmiljøa i møte med berekraftsutfordringar, til dømes i samband med politiske og faglege berekraftsprosessar. 

Partnarar: Bærum kommune (prosjektleiar), Ålesund kommune, NTNU, AugmentCity. Framtidslaben er fasilitator, samskaping- og kommunikasjonsarena.

Finansiering: 7 millionar kroner får Norges Forskningsråd gjennom ordninga innovasjon i offentleg sektor.

Aktuelle berekraftsmål

7 - Rein energi til alle

9 - Industri, innovasjon og infrastruktur

11 - Berekraftige byar og samfunn

12 - Ansvarleg forbruk og produksjon

13 - Stopp klimaendringane

17 - Samarbeid for å nå måla

Biletet:

Aktørane var samla på Framtidslaben i Ålesund i oktober 2021 for å organisere og starte opp arbeidet.