Prosjektet handlar om å anerkjenne og inkludere gaming og E-sport som ein del av samfunnet og barne- og ungdomskulturen. Dei digitale ferdigheitene som barn og ungdom har, er av berekraftig tydning, både samfunns- og sosioøkonomisk.

E-Teams er eit lavterskeltilbud, som handler om korleis vi skal møte og ivareta barna /ungdommen slik at dei best mogleg kan ivareta det fysiske og digitale “eg". Prosjektet jobber for å etablert spel basert på læring i skulen og eit aktivt E-sportmiljø på fritida.

Prosjektet har fokus på utanforskap, og vi har tatt utgangspunkt i barn og unges fysiske og psykiske behov for å bli sett, anerkjent og inkludert. Vi har jobba med tenestedesign med utgangspunkt i tre dimensjonar av inkludering: fagleg-, sosial- og psykisk inkludering.

Dette skal vere ein arena der barna/ungdommane opplever meistring og føler at dei betyr noko, der dei får anerkjenning for kompetansen sin, kven dei er og kva dei kan. Vidare skal det vere ein arena der fagpersonar i helse, skole, kultur og næringslivet får moglegheit til å sjå og erfare dei digitale evnene, ressursane og moglegheitene deltakarane har. Vaksenpersonar skal bli inviterte inn for å skape relasjonar med barna/ungdommane ut i frå dei unges eigne erfaringar, perspektiv og forståing.

Prosjektet har fokus på at barnet/ungdommen skal vere eksperten. Det er dei som sit på kunnskapen. Hjelpepersonar og nettverk skal vere nysgjerrige og ha fokus på livsmeistring, folkehelse og moglegheitsrom for nye læringsstrategiar.

For å bli ein god e-sportatlet treng ein, som i alle andre sportsgreiner, å ta vare på både kropp og sinn for å prestere. E-sport handlar om kommunikasjon, språkkunnskap, strategi, samarbeid, nøyaktigheit, reaksjonsevne, koordinering, kor lenge ein halder ut, og praktiske evner som programmering, lesing, skriving og rekning. 

Partnarar: Atea, Sparebanken Møre, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NTNU, ALV Møre og Romsdal, NMK og Newton Møre, Blindheim Ungdomsskole og PPT, Gjensidige Stiftelsen, Frivilighetssentralen, Fagerlia videregående skole - Helse- og sosialfag, NAV, Hurricanes innebandy, Rollon sportsklubb og Sunnmøre data og kultur

Prosjektet er eid av kommunalområde for barn, familie og integrering, og blir drive av verksemda for familiestøtte i Ålesund kommune.

Aktuelle berekraftsmål 

3 – God helse

4 – God utdanning

10 – Mindre ulikheit

9 – Innovasjon og infrastruktur  

KPI-analysen indikerer

Regionen har god helse, men likevel fleire av det FN betegner som fattige. Dei fleste har god utdanning, men regionen bruker forhaldsmessig lite pengar på å utvikle nye databaserte løysingar.