Det er NTNU ved TEFT-lab og Institutt for internasjonal forretningsdrift som er eigar av forskningsprosjektet.

Prosjektet skal fremme arbeidsrelevans i utdanninga innan økonomi- og administrasjonsfag. 

Målet er å utvikle nye læringsformer som koplar studentar og arbeidsgivarar tettare saman. Studentane skal få meir praksis, løyse konkrete problem for bedrifter og få meir undervisning av folk frå arbeidslivet.

Gjennom prosjektet skal NTNU og samarbeidspartnarane kartlegge, utvikle, prøve ut, evaluere og spreie ny kunnskap om ulike typar nyskapande praksisaktivitet som kan vere aktuelle for studentana og arbeidsgivarane. 

Praksis har ei sentral rolle i mange studieprogram og blir framheva som ei viktig læringsform for å auke arbeidsrelevansen. Gjennom praksisaktivitetar, får studentane bruke kunnskapen dei har fått gjennom studiet. Praksis er også viktig for at studentane skal kunne tilpasse og forberede seg på arbeidslivet. Likevel oppgir berre 9 prosent av studentane i økonomisk-administrative fag at dei har hatt praksis i si utdanning i Studiebarometeret 2019.

Det er DIKU som finansierer forskningsprosjektet.

Partnarar

Partnarane skal bidra med samskaping av praksisaktivitetar for studentane og mogleg praksisplass. Framtidslaben kan også gje studentane tilgang til mange forskjellige næringslivsaktørar og arbeidsgivarar og bidra til større kunnskap og praksis innan berekraftsarbeidet.

Aktuelle berekraftsmål

4 - God utdanning 

8 - Anstendig arbeid og økonomisk vekst

9 - Industri, innovasjon og infrastruktur

11 - Berekraftige byar og lokalsamfunn

12 - Ansvarleg forbruk og produksjon

17 - Samarbeid for å nå måla

4:  Betre og meir arbeidsrelevant utdanning for studentar. 

8&9: Praksisformata som blir utvikla, skal også vere nyttige for organisasjonane som deltar  - gjennom innovasjon i bedrifta og auka verdiskaping. 

11&12: Berekraft er eit sentralt tema i praksisaktivitetane.  Nokre av studentane vil ha det som hovudtema i praksisen, medan andre vil arbeide med tematikken i felles praksissamlingar. 

17: Samarbeid for å nå måla er sentralt for utviklinga og gjennomføringa av prosjektet.  

Les meir om prosjektet på NTNU TEFT-lab sine heimesider.