Målet med prosjektet

Hovudmål for prosjektet er å bidra til eit meir inkluderande samfunns- og arbeidsliv og får fleire menneske blant dei som har nedsett funksjonsevne inn i ordinært arbeid. Det er eit mål at målgruppa skal få fleire yrkesval og skape arbeidsplassar som er tilpassa behova både hos arbeidsgivar og arbeidstakar.

Arbeidstakaren får varig oppfølging i jobben.

Prosjektet ønsker å spele på lag med bedrifter og organisasjonar som er opptatte av berekraft og har som utgangspunkt at   Fremtidslabens partnarar vil vere gode og aktuelle kandidatar for å bidra til tilsettingar av HELT MED-medarbeidarar i bedrifter. 

HELT MED er ei stifting som blir finansiert over statsbudsjettet. Formålet er å bidra til at fleire menneske med utviklingshemming skal få arbeid i ordinære bedrifter. Arbeidstakarar som blir tilsett i HELT MED-stillingar får bonuslønn i tillegg til uføretrygd. Alle HELT MED-medarbeidarar får varig oppfølging. 

HELT MED kan legge til rette for at dei oppgåvene som bedrifta ønsker utført -oppgåver som kanskje ingen andre har eit definert ansvar for å utføre, blir utførte. Det er ikkje snakk om veldedigheit og snillisme, men hjelp med reelle arbeidsoppgåver. 

Nokre av fordelane arbeidsgivarar opplever:

• Konkurransefordelar – kundar opplever det som veldig positivt at bedrifter er opptatt av inkludering
• Økt service – både internt i bedrifta og overfor kundar 
• Sterk profilering gjennom HELT MED
• Lojale arbeidstakarar, som har sterkt ønske om å komme i jobb
• Virker positivt på arbeidsmiljøet
• Billigare arbeidskraft – kr. 30-35 pr. time
 
Og HELT MED: 
• Tar heile rekrutteringa fram til 2.gangs intervju
• Bistår med oppfølging så lenge dei står i eit arbeidsforhald
• Avklart med LO og dei store fagforeiningane

Partnarar: NAV Møre og Romsdal og Ålesund kommuneFramtidslabens rolle i prosjektet, er å støtte og profilere HELT MED inn mot partnarar og andre interessentar

Finansiering: HELT MED er finansiert over statsbudsjettet

Aktuelle berekraftsmål

3 - God helse og velferd

4 - God utdanning

8 - Anstendig arbeid og økonomisk vekst

9 - Industri, innovasjon og infrastruktur

10 - Mindre ulikskap

16 - Fred, rettvisheit og ansvarlege institusjonar

17 - Samarbeid for å nå måla