Dei verkeleg store problemstillingane løyser vi ikkje kvar for oss. Det vert satsa mykje og arbeidd hardt for å motverke varig utanforskap. Likevel går utviklinga i feil retning.

Vår overtyding er at vi må setje oss saman med all erfaring og kunnskap. Vi har sett at då finn vi løysingar der vi speler på kvarandre og alle ressursane vi har tilgang på i lag. Slik skaper vi håp for framtida og inviterer alle med på å skape den.

Vi vil snakke med – ikkje om.

Vi ønskjer alle som erfarer utenforskap, som arbeider på ein eller annan måte med å forebygge utanforskap eller som brenn for tema til å delta i dialogen om korleis vi finn løysingar i samspelet mellom oss.

Vi vil bringe mange sektorar, miljø og personar inn i det same rommet for at systema kan snakke saman!

Innanfor er ein møteplass og eit fellesskap som er opent for alle.

Les meir om Innanfor Utanfor og korleis du kan koble deg på her.