Prosjektet starta sommaren 2021 då to studentar  reiste rundt i Ålesund med nettbrett og målestokk og kartla kor lett – eller vanskeleg, det er å kome seg fram i Ålesund - i by, bygd eller friluftsområde. 

Universell utforming handlar om at alle skal kunne ta seg fram i nærmiljøet utan å bli stoppa av unødige hindringar. Det gjeld for dei som er barn, dei som trillar barnevogn, dei med nedsett syn, høyrsel eller førlegheit og alle andre. Universell utforming er heilt nødvendig for nokre, men nyttig for alle. 

Framtidslaben sette i gang prosjektet gjennom ein søknad til Kartverket, som finansierte datainnsamlinga. Prosjektgruppa har vore breitt samansett og har også hatt kontakt med ulike brukargrupper som har gitt råd og innspel. I tillegg har prosjektgruppa vore i dialog med Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Blindeforbundet, Eldrerådet, Ungdomsrådet, Friluftsrådet, Handicapforbundet og Innbyggertorga i Brattvåg, Steinshamn, Sjøholt og Skodje.

Prosjektet gjeld utandørs kartlegging av tettstader og friluftsområde og skal få oversikt over kvar ein finn turområde som er tilgjengeleg for alle og kartlegge område som med litt tilrettelegging kan bli tilgjengeleg for fleire. 

Kartlegginga blir registrert rett inn i Kartverket sin kartdatabase. 

Målet med prosjektet

Gjennom denne datainnsamlinga kan ein få svar på spørsmål som kor mange kilometer tur/gangveg som er tilgjengeleg for personar med nedsett funksjon, eller kor mange friluftsområde som har parkeringsplassar for dei som nyttar rullestol.Målet er å gjere Ålesund kommune i stand til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte.  

  • Bidra til betre folkehelse og meir inkludering og deltaking.  
  • Bidra til sysselsetting og arbeidstrening. 
  • Bidra til praksisrelevans for studentar, som er eitt av måla i universitetskommune-samarbeidet. 
  • Tverrfagleg samarbeid på tvers av kommuneorganisasjonen. 

Data som blir samla inn kan brukast til:

  • Konkrete tiltak som å kutte ned hekkar/gjerde, merke opp i vegbane, sette opp skilt og lys, fjerne kantar og hol, sikre trygge overgangsfelt og så vidare
  •  Utarbeide tiltaksplanar for universell utforming
  • Trafikktryggingsplan
  • Informasjon til publikum
  • Etablere parkering for dei som bruker rullestol , tilgjengelige toalett
  • Studentoppgåver
  • Geografiske informasjonssystem
  • Arealplanverktøya i kommunen
  • Statistikkproduksjon om utvikling av tilstand over tid 

Rapport og vidare arbeid

I desember 2021 blei det lagt fram ein rapport av kartlegginga og det blei arrangert ein workshop der ein diskuterte korleis aktørane skal arbeide vidare med dei innsamla dataa.

Spørsmål som blei diskuterte var:

  • Kva er viktig for å kartlegge tettstader og friluftsområde for alle i framtida?
  • Korleis kan vi bruke eksisterande møtestader for samarbeid og kva nye møtestader har vi bruk for?

Presentasjonar og innspel på workshopen:

Desse var inviterte til workshopen:

  • Sunnmøre friluftsråd 
  • NTNU i Ålesund 
  • AugmentCity 
  • Ålesund kommune 
  • Ålesund kommunale eigedomsselskap 
  • eldrerådet 
  • rådet for personar med nedsett funksjonsevne 
  • Senteret for et aldersvennlig Norge 

Finansiering: Kartlegginga er finansiert av Kartverket.

Partnarar: 

Framtidslaben, Ålesund kommune, Kartverket, Augment City

Aktuelle berekraftsmål:

3- God helse

4 - God utdanning

10 - Mindre ulikheit

17 - Samarbeid for å nå måla