Livet & Sånn skal utvikle og implementere universalførebyggande tiltak i barnehage og barne- og ungdomsskole. Tiltaka skal gjennomførast som opplæring i folkehelse og livsmeistring for barn og unge, foreldrekurskveldar og personalkurs på alle barnehagar og skolar i kommunen. Tiltaka blir samkjørt med andre universalførebyggande tiltak for barn og unge si psykiske helse, og blir framstilt i ein plan.  


Gjennom Helsedirektoratets Program for folkehelse i kommunane har PPT (pedagogisk psykologisk teneste) i Ålesund kommune starta det tverrfaglege prosjektet Livet&Sånn med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette er eit gratis opplæringsmateriale for folkehelse og livsmeistring, tilgjengeleg for alle skolar i landet gjennom heimesida livetogsann.no.

Dette er ikkje berre eit opplæringsmateriale til bruk med elevane. Dette er like mykje opplæring av dei vaksne rundt dei.

For å lage gode opplegg for barn og vaksne jobbar Livet & Sånn tverrfagleg og i tett dialog med dei som skal ha nytte av det vi lagar. Ein barnevernpedagog er tilsett som prosjektleiar i full stilling, og i tillegg blir andre fagfolk frikjøpt i mindre stillingsbrøkar etter kva tiltak som skal utformast: Til dømes helsesjukepleiar, spesialpedagog, lærar eller andre. Prosjektet samarbeider også tett med fleire av psykologane i kommunen.  

Elevar og lærarar er einige om at små filmar med tilhøyrande samarbeidsoppgåver er den viktigaste læringsressursen frå prosjektet. Desse filmane produserast i samarbeid med fagfolk i og utanfor kommunen alt etter kva som skal formidlast.

Sjå gjerne filmane på youtube-kanalen til prosjektet.

Deling

For kvart tiltaksområde som skal utviklast, brukar Livet&Sånn pilotskolar eller pilotbarnehagar i eit år før nytt materiale blir lagt på heimesida. Slik blir opplegg testa grundig ut i aktuell målgruppe og viktige justeringar blir gjort. Prosjektet bruker fokusgruppeintervju og digitale kvantitative undersøkingar for å få mest mogleg tilbakemeldingar frå elevar og lærarar som hjelp til å gjere materialet best mogleg.
Heimesida er også ein viktig del av arbeidsmåten. Denne blir nytta direkte med elevane i undervisninga, og elevane og foreldra har moglegheit til å sjå det same heime som på skolen. Her ligg også materialet til heimane og til lærarane. Alt er ope for alle.  

Slik får vi også delt dette med alle andre skolar og kommunar som ønsker å bruke Livet&Sånn. Ved å dele fortløpande med alle andre, får prosjektet også gode tips og råd tilbake, noko som gjer at Liveet & Sånn heile tida kan vidareutvikle materialet best mogleg.

Samarbeid

I tillegg til internt og eksternt samarbeid i tiltaksutviklinga samarbeider Livet&Sånn med ulike FoU-miljø gjennom prosjektperioden.

I første omgang er det Høgskulen i Volda som blir med og forskar på prosjektet. Dei kjem til å fokusere på dei eldste elevane på barnetrinnet, og intervjue elevar, føresette og lærarar om Livet & Sånn og korleis dette møter dei behova målgruppene kjenner på i kvardagen relatert til folkehelse og livsmeistring.

Ålesund kommune har dette prosjektet for å jobbe samla, systematisk, målretta og tverrfagleg for å sikre god kunnskap om relevante tema for psykisk helse hos ei stor målgruppe. Det er lærarar og barnehagelærarar som har moglegheit til å snakke med barn og unge kontinuerleg over tid om folkehelse og livsmeistring. Desse gruppene har vanlegvis ikkje utdanning i fagområde somgir  kunnskap om psykisk helse. Det er difor eit ønske frå lærarar å få hjelp til å utvikle gode opplæringsøkter dei kan ha med elevane. Dei ønsker også kompetanseheving for å sikre ein god forståing i botn før dei underviser elevane. Ved å bruke fagfolk med høg og variert kompetanse på psykisk helse, barn/unge og pedagogikk til å utforme materialet, kan lærarane kjenne seg trygge på materialet dei brukar med elevane. Og elevane kan få lære mykje dei elles ikkje ville fått tilgang til i ung alder, og over tid.

Partnarar

  • Ålesund kommune
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Andre kommunar
  • Forskings- og utviklingsmiljø

Aktuelle berekraftsmål

3 - God helse og livskvalitet

4 - God utdanning

10 - Mindre ulikheit