Målet med prosjektet er å redusere vekst i trafikken i dei undersjøiske tunnelane mellom Giske og Ålesund, betre kollektivtilbod og auke delen trafikantar som bruker sykkel til og frå bussen gjennom tilrettelagte løysingar for publikum. Prosjektet skal óg bidra til tettstadsutvikling og auka attraktivitet for Ytterlandområdet.

Per i dag er det nesten 4 000 personar som arbeidspendlar fast kvar dag gjennom tunnelane. I tillegg kjem studentar, handlande og flypassasjerar. For å gje eit lite bilete på trafikken, var det 12 500 bilar gjennom tunnelen ein dag i august i 2020 – i ein periode der trafikken til og frå lufthamna var liten på grunn av Covid-19. Det er eit mål for prosjektet at trafikken med privatbil gjennom tunnelane blir redusert og skape ei effektiv løysning som bidrar til betre miljø, berekraft lokalt, enklarere arbeidskvardag, tryggare vegar og utvikling av lokalsamfunnet.

Prosjekteiar meiner at utan effektiv innfartsparkering til dei største boligområda, vil arbeidsmarknaden bli svekka på sikt –spesielt for bedrifter sentralt i Ålesund med mangel på parkering.Innfartsparkering er eit område det blir satsa på både nasjonalt og internasjonalt, men lokalt har det vore få konkrete prosjekt. 

Betaling for parkering og bussbillett på bussen blir saumlaust og automatisk for brukarane. H.I. Giørtz har inngått eit samarbeid med Parkly AS om å utvikle innovative løysingar på dette området.

Mobilitetspunktet på Ytterland skal ha mellom 350 – 450 parkeringsplassar, og 150 – 200 parkeringsplassar for sykkel – alle under tak. Det er planlagt direkte tilgang til trafikkterminalen frå sykkel- og pendlarparkeringa.

Alle partnarar i prosjektet er partnarar i United Future Lab Norway (Framtidslaben Norge). Framtidslaben vil være arena og fasilitator i prosjektet og fleire aktørar vil bli inviterte inn som samarbeidspartnarar. Håpet er at dette prosjektet kan bli ein mal for vidare satsing i nærområdet. Det er eit mål å bruke digital tvilling i utvikling av prosjektet og arbeidet med å konkretisere løysingar.

Partnarar

  • H.I. Giørtz
  • Giske kommune
  • Ålesund kommune
  • PAKT-samarbeidet - plan for areal-, klima og miljø, eit samarbeid mellom kommunane Ålesund, Giske og Sula, fylkeskommunen og Statens vegvesen
  • Andre lokale aktørar

H.I. Giørtz og Giske kommune står for utviklinga av prosjektet gjennom selskapet Gisketerminalen AS som dei eig saman.

Aktuelle berekraftsmål

8 - Anstendig arbeid og økonomisk vekst

9 - Industri, innovasjon og infrastruktur

11 - Berekraftige byar og samfunn

13 - Stoppe klimaendringane

17 - Samarbeid for å nå måla