Mål for prosjektet

Elektrisk lys ute i naturen er særskild relevant for nordiske land med lang mørketid. Vi veit at elektrisk lys påverkar planteliv, dyreliv, energibruk samt menneskeleg velvære. Målet for prosjektet er å utvikle ny kunnskap som vil være avgjerande i arbeidet med berekraftig design for uteområde og
byutvikling i framtida.

Strategien for å utvikle denne kunnskapen inneber å bringe ulike fagområde saman. Representantar frå fagområda design, teknologi, psykologi og
økologi vil jobbe i lag.

Desse vil:

  • Undersøkje korleis ein kan utvikle eit berekraftig design for lyskjelder ute i mørke omgivnadar. Desse skal tilfredsstille menneskelege behov samtidig som dei minimerar energibruk, lysforureining og negativ effekt på dyrelivet.
  • Støtte innovasjon innafor kvart fagområde og utforske nye og berekraftige designpraksisar.
  • Samarbeide med kommunar og organisasjonar for å sikre at lyskjeldene som blir brukt er vennlege mot dyre- og planteliv, samt tilfredsstiller dei nødvendige menneskelege behova.
  • Øke bevisstheit om menneskers behov for lyskjelder i mørke omgjevnader og konsekvensane dette har for naturen.
  • Utvikle metodar for tverrfaglig design med fokus på både menneske og dyr.
  • Utvikle digitale tvillingverktøy for å gjere utforming, planlegging og simulering av lys i uteområde enklare, samt gjere dataintegrasjon, analyse og visualisering mogleg.

Prosjektet dreiar seg omkring fleire av FN sine berekraftsmål. Som god helse og velvære, berekraftige byar og samfunn, ansvarlig forbruk og produksjon og livet på land.

Om prosjektet

Prosjektet har ein tidsramme på tre år og starta i januar 2021. Leiar for
prosjektet er Ute Besenecker ved KHT Royal institute of technology Sverige.
Framtidslaben skal være ein arena for prosjektsamarbeid. Laben skal bidra i
prosjektet med kompetanse på digital tvilling og formidling av framdrift og
resultat.

Prosjektet er finansiert av NordForsk.

Partnarar

NTNU, Aalto University (Finland), Lund University (Sverige), Stockholm University, Swedish University of Agricultural Sciences, Agument City (Norge) , Tyrens (Sverige), Ålesund kommune, Uppsala Kommune.

Aktuelle berekraftsmål

3 - God helse og velvære
11- Berekraftige byar og samfunn
12- Ansvarlig forbruk og produksjon
15- Liv på land