Dette er banebrytande forsking i eit samarbeid mellom Ålesund kommune og NTNU i Ålesund.

Smart Water inneber datafangst, modellbygging og simulering av alle prosessene frå kjelde, via vassbehandlingsanlegg, vassdistribusjon, avløpsnett og kloakkreinsing.

Prosjektet består av to arbeidspakkar:

  • WP1: Smart Drinking Water Management System
  • WP2: Smart Wastewater Management System

Forskinga har allereie gitt svar på ein del spørsmål om vasskvalitetsutvikling og framtidige behov for utvikling av sensorikk som ein viktig del av vatn- og avløpsstrukturen i Ålesund.

For å kunne oppnå gode resultat, er det avgjerande at måledata og målestasjonar blir gjort tilgjengelege i det sentrale driftsovervakingsanlegget til kommunen. Gjennom dette blir dataa tilgjengelege for NTNU. Det er oppretta ein Non Disclosure Agreement for deling av data. Måledata og resultat for prosjektarbeidet vil bli brukt i både overordna og underordna planlegging.

Framtidslaben legg til rette for samarbeidet mellom NTNU og verksemda for vatn og avløp i Ålesund kommune, gjennom formidling av kontakt med fagmiljø og partnarar i laben.

Nyutvikla flåte

Tysdag 9. juni 2020 blei det sjøsett ein flåte i Brusdalsvatnet, drikkevasskjelda til Ålesund. Den skal overvake vasskvaliteten i vatnet og logge verdiar som har betyding for kvaliteten på vatnet. Sjølve flåten på Brusdalsvatnet  er del av ein simulerings- og visualiseringsplattform Ålesund kommune er i gang med å utvikle for Brusdalsvatnet. Målet er ein digital tvilling for vasskjelda. Dataa som blir samla inn av flåten, kan brukast til å forbetre forskinga knytt til drikkevasskjelda. 

NTNU nyttegjer seg målingane og dataa i forsking og undervisning.

Ved å kjenne til endringane i vasskvalitetsparametera frå overflata av Brusdalsvatnet ned til botnen, kan NTNU studere transport av forureining frå overflata til djupare delar av vatnet der råvatnet blir henta ut til vassbehandlingsanlegga. Slik kan ein bli tryggare på kvar dert er lurt å hente dette råvatnet.

Variablane bestemmer den fysiske og kjemiske kvaliteten på Brusdalsvatnet og overvakinga skal sikre enno betre vasskvalitet for innbyggarane. 

Partnarar:

Ålesund kommune og NTNU i Ålesund

Kontakt:

  • NTNU: Razak Seidu
  • Ålesund kommune: Bjørn Skulstad

Aktuelle berekraftsmål

 3 - God helse

4 - God utdanning

6 – Reint vatn og gode sanitærforhald

9 - Innovasjon og infrastruktur

11 - Berekraftige byar og samfunn

12 - Ansvarleg forbruk og produksjon

13 - Stoppe klimaendringane

15 - Livet på land

17 - Samarbeid for å nå måla

KPI-analysen indikerer

Regionen har god vasskvalitet, men det er utfordringar rundt spillvatn og at mykje av vatnet går til spille i behandlinga og før det kjem til forbrukar. Prosjektet skal bidra til å gjere vassforsninga meir robust.