I den digitale tvillingen vil det offentlege, private utviklarar og andre interessentar kunne legge inn data og setje dei saman på forskjellige måtar for å sjå korleis arealbruken innan utviklinga av energiforsyning, transport og bygningar vil slå ut for samfunnet som heilskap.

Twin Fjord er eit tverrfagleg prosjekt der natur-, berekraft-, data-, samfunns- og statsvitskap blir slått saman for å gje ei god tilnærming til berekraftig forvalting av landområde.

Systemet vil ha tre modular som kan brukast i arealplanlegginga:

  1. Ein kunnskapsbase med data og teknikkar som hjelper til med å analysere kor berekraftig eit prosjekt vil vere.
  2. Eit interaktivt digitalt verktøy i 4D som viser og går i djupna på konsekvensane av eit prosjekt.
  3. Ein skriftleg gjennomgang av data og teknikkar som viser korleis det digitale verktøyet har fungert i planlegging, for å analysere konsekvensar og for å ta ei avgjerd.

Målet med prosjektet

Å bruke dei to kommunane til å utvikle det digitale verktøyet for berekraftig arealforvalting, vil gje kunnskap om korleis toppmoderne konsekvensanalyse, visualisering og samskapingsteknikkar kan vere ei støtte i berekraftige arealplanleggingsprosessar i Norge. Verktøyet kan gjere det lettare å kommunisere og snakke om eit prosjekt og vise kva det er, samtidig som det vil hjelpe dei som skal ta avgjerder å sjå konsekvensar av dei vala dei tar når det gjeld arealplanlegging.

Desse kommunane er nyttige fordi dei har verdsarvområde, verneområde og risikosoner for steinskred og ras som kan føre til tsunami i eit større område. Dette gir spesielle utfordringar når det gjeld arealplanlegging og arealutvikling. 

På grunn av mange turistar er det nødvendig å raskt få på plass ein infrastruktur for energi, transport og bustadar. Twin Fjord vil utforske reelle problemstillingar og caser for å utvikle og bruke den digitale tvillingen til berekraftig og deltakande planlegging i området.

Nettside er under utvikling.

Finansiering: Prosjektet er finansiert gjennom Norges forskningsråd

Partnarar:

  • NTNU
  • Norges Miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Offshore Simulator Centre
  • NINA – Norsk institutt for naturforskning
  • Universitetet i Bonn
  • ÅKP
  • Fjord kommune
  • Stranda kommune
  • Geirangerfjorden verdsarv
  • Fjordhagen
  • Stranda hamnevesen
  • Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • United Future Lab Norway 

Aktuelle berekraftsmål

3 – God helse og livskvalitet

7  – Rein energi til alle

9 - Industri, innovasjon og infrastruktur

11 – berekraftige byar og lokalsamfunn

12 – Ansvarleg forbruk og produksjon

13 – Stoppe klimaendringane

15 – Livet på land