Publisert 16.des 2021

Monitor ERP System AB eit selskap som har utspring i Sverige, men som er representert i 11 europeiske land. Selskapet  har 380 tilsette globalt, 8 av dei i Norge. No i haust har selskapet flytta hovud- og salskontoret sitt til Ålesund.  Selskapet tilbyr eit standardisert forretningssystem som skal hjelpe produksjonsselskap til å ha oversikt over heile selskapet - frå produksjon, tidsbruk og lager, til innkjøp, sal og rekneskap.  

Salssjef i Monitor ERP System i Norge, Atle Karlsrud, seier at det å bli partnar i Framtidslaben (United Future Lab Norway) er eit riktig val for Monitor: 

- Vi i Monitor ERP System følger den globale produksjonsindustrien i kvardagen og vil hjelpe dei til å nå måla sine om redusere utslepp frå industriproduksjonen. Vår  strategi; Monitor Greentech, vil legge til rette for å måle, kontrollere og gjennomføre tiltak for å redusere utsleppet av klimagassarMålet er å kunne måle utslepp frå produksjonsprosessen og ikkje berre  generelle finansielle data. 

Han legg til at Monitor ERP System i løpet av dei neste 3 åra vil vi utvikle systema sine slik at dei støttar ein grønnare produksjon og gjer det lettare for bedriftene å rapportere og gjere nødvendige tiltak.  

- Eit av fleire tiltak vi gjer for å få kunnskap om behov og kva som er mogleg, er å søke oss til miljø der denne kunnskapen finst og der vi saman med andre kan skape handling gjennom prosjekt. For oss er det å bli partnar i Framtidslaben eit riktig val.  

Dagleg leiar i Framtidslaben, Kristine Oda Walderhaug Sæther, ønsker Monitor ERP velkomen som aktiv partnar i Framtidslaben 

Monitor ERP System blir ein viktig bidragsytar og pådrivar i Framtidslaben. Gjennom dei kan vi skape samarbeidsprosjekt med andre partnarar der målet er å få oversikt og redusere utslepp av klimagassar frå produksjonsindustrien. Det vil vere ein av vegane å gå for å nå FNs berekraftsmål og EUs reglar og mål gjennom  European Green Deal 

 

Frå venstre på biletet: 

Jørgen Persson – Eier, Monitor ERP Systemer AB 
Jonas Persson – CEO Monitor ERP Systemer Norge AS 
Morgan Persson – CEO, Monitor ERP Systemer AB