Målet er å gjere Ålesund til ein meir berekraftig by ved å skape sirkulære løysingar – altså bruke alle ressursar best mogleg, ved bruk av smart teknologi.

Prosjektet Smart Sirkulær By blei gjennomført i perioden 2018 -2019.

Prosjektet er vidareført gjennom prosjekta:

Smart Sirkulær By besto av tre delprosjekt (klikk på tittelen for å finne rapportane frå kvart delprosjekt):

  1.  Målbilde avfall 2030
  2. Digitale modellar for analyse, simulering og optimalisering av Smart Sirkulær By
  3.  Kompetansebygging – Smart Sirkulær by og Veikart for implementering

Her er oppsummeringsrapporten frå prosjektet med forslag til vidareføring.

Målet for desse tiltaka er å gjere Ålesund til ein meir berekraftig by ved å skape sirkulære løysingar - altså bruke alle ressursar best mogleg, ved bruk av smart teknologi og god praksis for samhandling.

Prosjektet har gitt partnarane auka oversikt over avfallsstraumar i regionen, auka kompetanse om ulike løysingar for materialgjenvinning og sirkulære kretsløp, og auka innsikt i korleis ein kan bruke smart teknologi.

Denne delen av prosjektet er finansiert gjennom Byen som Regional Motor, eit prosjekt i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nye prosjekt

Prosjektet har lagt grunnlaget for nye prosjekt innan avfallsområdet slik at det blir grunnlag for å gjere riktige miljømessige og økonomiske val og skape synerigiar og bruke avfall som ressurs i regionen. Prosjektet skal bruke digitale modellar som kan overførast til andre bruksområde.

To nye prosjekt er no i gang med finansiering gjennom Miljødirektoratets satsing Klimasats:

Ettersorteringsanlegg for avfall i Ålesundsregionen - dette delprosjektet skal greie ut eit ettersorteringsanlegg for å gjere det mogleg å redusere klimagassutslepp og auke materialgjenvinning. I dag er det ingen krav til denne typen utsortering. Prosjektet har fått 30 000 kroner i tilskot.

Sirkulære anskaffelser på Sunnmøre - dette delprosjektet skal sjå på potensialet for klimagassreduksjon innan til dømes bygg og anlegg, transport og vareinnkjøp. Dette prosjektet har fått 550 000 kroner i tilskot.

Partnarar:

Ålesund kommune, ÅRIM, Tafjord Kraftvarme AS, Bingsa gjenvinning AS, NTNU i Ålesund.

Aktuelle berekraftsmål

12  - ansvarleg forbruk og produksjon

11  - berekraftige byar og samfunn

13 -  stopp klimaendringane

KPI-analysen indikerer

Regionen skårer lavt på resirkulering og forbrenning av avfall, noko dette prosjektet adresserer.