Innkjøpsstrategien gir overordna føringar for innkjøp i kommunen og skal sette ut i livet politikaranes mål om å bidra til ein meir sirkulær økonomi.

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre består av alle sunnmørskommunane + Vestnes. Samarbeidet er administrert av Ålesund kommune. Innkjøpssamarbeidet har ansvaret for eit betydeleg omfang innkjøp i løpet av eit år.

Gjennom dette prosjektet ønsker samarbeidet å undersøke korleis sirkulære innkjøp kan bli innarbeidd i den overordna strategien. Prosjektet vil teste utforminga av ulike krav for å bidra til fleire sirkulære innkjøp, noko som potensielt kan føre til store endringar i klimarekneskapen til kommunane og dermed samfunnet. 

Prosjektet er finansiert gjennom klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet.

Prosjektet vil levere en sluttrapport ved prosjektslutt.

Prosjektet er ei vidareføring av prosjektet Smart Sirkulær By.

Partnarar:

Ålesund kommune, ÅRIM – Ålesundregionens Interkommunale Miljøselskap IKS, NTNU i Ålesund

Aktuelle berekraftsmål

8 - Anstendig arbeid og økonomisk vekst

9 - Industri, infrastuktur og innovasjon

11 - Berekraftige byar og samfunn

12 - Ansvarleg forbruk og produksjon

13 - Stopp klimaendringane

17 - Samarbeid for å nå måla